I kveld køyrde vi Bjørnaset-gjengen heim att, og på tilbaketuren tok vi ein tur inn til Kalvatn og såg på bygginga av Kvivsvegen.Vegen skal gå i tunnel gjennom fjellet Kviven, vidare til Grodås og Stryn. Når dette sambandet blir ferdig kan ein køyre ferjefritt frå t.d.Ulsteinvik til Oslo.Eg er ikkje heilt sikker på kvar trasséen skal gå, men trur det vert fleire nye tunnelar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:19.august
NB: Eg har rydda bort dette no. I dag var dei og henta boss, og eg fekk av garde mykje, men her er enno noko att til neste gong-og det er ve...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
4 kommentarer:
Takkar igjen for godt pass - og for mat. I morgon blir I og E her aleine om ettermiddagen/kvelden, så noko av grauten blir spart til dei. Eg har ikkje fått retta meir, men tek sikkert dei siste fem før eg køyar i kveld.
Eg hugsar klassestyraren min på ungdomsskulen snakka om Kvivsvegen! Det vert sikkert flott når det vert ferdig. Då vert det nok slutt på køyring gjennom Romsdalen!
Visste ikkje at dei er byrja på vegen. I Fjordabladet har det vore ein del skriverier om Stigedalen/Kvivsvegen, politiske gamle "synder" blir tatt opp igjen etter 10 år. Godt er det at oljepengane blir brukte til noko fornuftig - som vegbygging - skulle vore brukt mykje meir - i staden for at dei skal forsvinne i det "store intet" gjennom finanskrisa - enig med FRP der!
Eidabesta
Alle vil vel ha gode vegar. Eg vil gjerne ha eit utbygd jernbanenett også. Det er meir miljøvennleg enn t.d. trailerar.DET vil ikkje Frp, så det er best du held deg på venstresida-men ikkje i trafikken! Svarte på brillespørsmålet ditt lenger nede på sida.
Legg inn en kommentar