søndag, desember 28, 2008

Avreise.




I dag var vi tidleg oppe til å vere oss. Rasmus &fam skulle ta 10-ferja frå Volda.Dei har ei lang reise framfor seg,men heldigvis er veret fint.Det er trist når dei reiser,men sikkert godt for dei å få nokre dagar heime før dei skal begynne på jobb, skule og barnehage igjen.

Det har vore mykje liv og røre her mens vi har hatt besøk,så det blir nok litt av ein overgang no når vi blir "åleine" igjen.

torsdag, desember 25, 2008

Julaftan i Starevegen.











Tre år har Nils og eg vore "åleine" i jula, men i år har vi altså besøk av familien frå Kongsberg. Dermed vart det litt meir liv i leiren, blant anna med julenisse og masse pakkar. Dessverre vart kameraet tomt for straum midt i nissebesøket.




Noko av det kjekkaste gutane fekk var sengetøy med favorittane Ben 10 og Kaptein Sabeltann.For ikkje å nemne DVD-en Skrimmel skammel..........say no more. Håper alle lesarane mine har hatt det fint så langt i jula. I morgon ventar vi besøk frå Hareid og Bjørnaset.

tirsdag, desember 23, 2008

God jul!


Så er det tid for å ønske alle blogg-lesarane mine ei riktig god jul!
Og takke alle for "samvær" på bloggen i året som ebbar ut.Det har vore til stor glede for meg å ha denne kontakten.
I dag har heile storfamilien vore samla på Hareid,der det ikkje var mangel verken på vått eller tørt. For ein gongs skuld laga det seg slik at alle barnebarna våre kunne samlast i ein sofa! Eg hadde med fotoapparat, men det var så mykje knipsing at eg avstod frå å ta bilde. Dette har eg rappa frå Solveig sin blogg.(Derfor må de gå dit for å få det forstørra).
Beste helsing frå oss som feirer juli Starevegen 7.

søndag, desember 21, 2008

Julegjestane i hus.




Rasmus og fam. kom med 18.15 ferja frå Folkestad, så dei hadde ikkje dårleg ver anna enn på slutten av turen.Heldigvis.No er alle husvarme og og har kome i gang med diverse aktivitetar.Vebjørn og eg har hørt songar på You Tube m.a.,Rasmus og Eivind spelar Monopol.Elles så var det altså Rasmus som var syndaren med T-skjorta.

Etterlysing.


Nils fekk denne T-skjorta tilsendt frå FLYKTNING-HJELPEN for nokre dagar sidan. Vi gjekk sjølvsagt ut frå at det var julegåve frå Solveig.Ho kjøpte no ei geit til oss for et par år sidan, så det var nærliggande å tru at ho stod bak.Men så seier ho at denne gongen er ho uskyldig, og vi står heilt utan spor. Kan nokon hjelpe oss å finne "syndaren"?

onsdag, desember 17, 2008

Nye sofaputer.


Ein dag Ruth og eg vandra rundt på Amfi, fann vi nokre fine raude puter på butikken FRYD.Men eg fann sjølvsagt ut at slike kunne eg kjøpe nærare jul. Då det passa for meg å kjøpe , var dei sjølvsagt borte vekk! I dag var eg innom Princess og kika, der var det knapt ei raud pute å sjå.Så var det berre å stikke innom MÅLAR-Olav, der eg fann to puter som fall i smak. Ikkje heilt billege, men eg likar ikkje å kjøpe skrot heller. Den ensfarga puta er i Thaisilke, den mønstra i eit tjukt stoff.Fordelen ved å ha trekvite vegger,brun sofa og ecru-farga gardiner er mellom anna at ein kan skifte med alle andre fargar på puter, dukar etc.Moralen i historia er at ein bør kjøpe det ein likar når ein finn det. Der og då!

søndag, desember 14, 2008

Spesielt for eldre?

No har eg lese ut denne litt spesielle boka.Eg vil anbefale den for alle, men særleg for dei som ikkje er heilt unge lenger. Boka handlar i kortheit om livet og døden, kjærleiken og havet, og ikkje minst om det å eldast.Boka er verken tung eller trist, men får ein til å tenkje over mangt og mykje som kan skje i eit menneskeliv.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...