onsdag, desember 17, 2008

Nye sofaputer.


Ein dag Ruth og eg vandra rundt på Amfi, fann vi nokre fine raude puter på butikken FRYD.Men eg fann sjølvsagt ut at slike kunne eg kjøpe nærare jul. Då det passa for meg å kjøpe , var dei sjølvsagt borte vekk! I dag var eg innom Princess og kika, der var det knapt ei raud pute å sjå.Så var det berre å stikke innom MÅLAR-Olav, der eg fann to puter som fall i smak. Ikkje heilt billege, men eg likar ikkje å kjøpe skrot heller. Den ensfarga puta er i Thaisilke, den mønstra i eit tjukt stoff.Fordelen ved å ha trekvite vegger,brun sofa og ecru-farga gardiner er mellom anna at ein kan skifte med alle andre fargar på puter, dukar etc.Moralen i historia er at ein bør kjøpe det ein likar når ein finn det. Der og då!

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Koselege juleputer, kjekt å fornye seg av og til. Eg har tenkt meg innom Pincess, men eg utset det kvar dag. Er ikkje så glad i å gå i butikkar. Mykje tilbod som kjem føre jul i år, så ein bør vel nytte høve å kjøpe litt julegåver.
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine og koselege puter som sikkert pynter opp i sofakroken! No har vi hatt bursdagsselskap her. Hans er 18 i dag!

solveig sa...

Ein får som regel det ein betaler for. Desse var fine!

Besta sa...

Tenkte på HP fleire gonger i dag, men kom aldri så langt at eg sende gratulasjon.Du får helse han i morgon. Gløymer aldri fødselsdagen hans. Den var nokså spesiell.
Til Solveig:Heilt enig, men ikkje alt treng å vere toppkvalitet, for eksempel ikkje julepynt.Eg likar å variere litt med fargar og tekstilar. Har eit bra utval etter kvart.

Anonym sa...

Fine puter:-)

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...