Klokka er no17.25, temperaturen ute er +18 grader, sola skin ikkje så mykje no, men det har ho gjort før i dag: vind har vi også hatt. Det første eg gjorde i dag, var å ha opp flagget, og det vaja fint i vinden. Eg vart sittande lenge framfor TV-en og sjå historiske hendingar, mest frå Einar Gerhardsens tid. Det var interessant, og det er godt å få ei oppsummering av det som var. Det er vel det vi har denne dagen til, å minnast -og sjå framover-
I morgon skal det vere bryllaup i Oslo. Det er Audun som gifter seg med Elisabeth, og heile storfamilien var invitert, men vi fann ut at eg ikkje skulle vere med, for eg har så mange problem, med å høyre til dømes. Eg må no bruke høyreapparat viss eg skal snakke med frammande i alle fall, og så er det briller som skal inn i same hola som, høyapparata......nei det vart litt for mykje for meg, så eg valde å vere i ro. Erlend er heller ikkje med, men han er ikkje her med meg i dag, for no passar han dei tre hundane til Margrete og Amanda.
Rasmus og familien køyrer vel frå Kongsberg i morgon, dei andre er på hotell. Margrete og Svein hadde fått rom i 22. etasje på eitt av hotella.-Nei, bra eg blir heime for eg likar ikkje å bu i høge hus.
I dag har eg i grunnen ikkje gjort anna enn å ete, og så var eg oppe med Marit ei stund og sat ute og sola oss.
Handa mi var bra då eg la meg i går , og den har vore rimeleg bra i dag også, men eg må vere forsiktig med å bruke den, særleg på datamaskina -så det er best å slutte av.
På bildet over ser vi dei raude Rhododendronane til Marit, dei er så fine. Eg har ei slk buske nede på plenen min, men i dag måtte eg ta vekk fleire daude greiner, men den kjem no med blomster den også.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar