tirsdag, desember 23, 2025

Dagbok 2025: 23.desember


Klokka er no 18.12, temperaturen ute er ca 0 grader C- det er skya, men opplett . Det var kaldare tidlegare i dag, så det kan sjå ut som om det blir "varmare" etter kvart.

I dag hadde eg ikkje så mykje å gjere, skulle berre ha ein tur på butikken og så på grava. Men aller først måtte eg opp og gratulere Marit med 87-års-dagen.

Då eg kom ned på gravplassen såg eg at der var møtt opp ein del folk,, og etter kvart forstod eg at der var gravferd, så då reiste eg heim, men ned igjen etter ei stund. Då var den nye grava ferdig stelt. Eg hadde med meg små lys og sette eitt av dei inni buret på gravsteinen. Og så hadde eg kjøpt eit stort lys i eit glas, det skal kunne brenne i 4 dagar, så får vi sjå. De ser det til høgre i bildet. Til venstre ligg kransen som eg kjøpte før i veka, men alt er kvitt av rim.

Eg hadde ikkje tenkt å gjere så mykje i dag, men det er litt trasig å sitte framfor TV-en utan å strikke. Handa mi er nesten heilt bra no, men eg veit ikkje kva som skjer viss eg begynner å strikke igjen no.

Eg har ikkje gjort mykje i dag, men ut på ettermiddagen fekk eg besøk av alle 4 barna til Margrete, to av dei er no langvegsfarande, Ingeborg frå Oslo og Eirik frå Trondheim. Dei skulle fram til faren som bur i Mosmarka og besøke han.

I morgon skal eg til Hareid og feire jul hos Solveig og familien. Einar kjem og hentar meg.

Eg skriv ikkje julebrev og julekort lenger. Dei fleste eg har kontakt med les her på datamaskina. 

Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei god jul og eit Godt nytt år. Verda er ikkje så fredeleg lenger så ønska våre er nok meir inderlege enn før.

God jul og godt nytt år ønsker eg alle.




2 kommentarer:

Anonym sa...

God Jul, Olaug! Kjekt å følgje med på bloggen din.

bodilingeborg sa...

God Jul, helse til Hareid! Helsing Bodil på Hildegard

Dagbok 2025: 23.desember

Klokka er no 18.12, temperaturen ute er ca 0 grader C- det er skya, men opplett . Det var kaldare tidlegare i dag, så det kan sjå ut som om ...