I dag har eg stort sett halde meg i ro inne. Eg har strikka, sett TV-og så kom eg brått på at eg hadde ein liter melk som gjekk ut på dato. Det er typisk meg; eg kjøper melk for det må eg ha i hus, men så blir den ståande heilt til den er ute på dato, og då må eg prøve å bruke den til til dømes å koke graut. Det skulle eg gjere i dag, men så hadde eg ikkje risengryn som eg kunne koke graut av ; eg hadde veldig mykje Jasmin-ris, men ikkje Grøtris. Ergo måtte eg lage noko anna, og det var brød. Tre fine brød vart det og ikkje så verst gode. Eg heiv berre opp i skåla det som var i posane, av mjøl og havregryn etc. Middagen min i dag vart faktisk heimbakt brød med diverse pålegg. Det er mykje rot når eg bakar, men eg hadde no god tid til å rydde opp.
Innimellom ser eg Tv og strikkar. I dag såg eg eit fint program med Elvis Presley. Han var noko heilt for seg sjølv, ingen andre har hatt ei liknande karriere eller eit slikt liv. Livet hans begynt tragisk med tvillinbroren som døde . Og så enda det også trist. Støtt når eg ser Elvis på TV tenkjer eg: viss tvillingbroren hadde fått leve, hadde han vore som Elvis?
Sjølv om eg går her åleine og tuslar så går tida fort. I dag har eg enno ikkje fyrt i omnen, men har sjølvsagt varmepumpa på.
Utsikt mot Mosmarka i kveld

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar