søndag, november 16, 2025

Dagbok 2025: 17.november


 Klokka er no17.54, temperaturen ute er +1 grad. Eg har sete inne no ei stund og visste ikkje at det hadde kome meir snø. Eg var ute tidlegare i dag og moka vekk såpass med snø at eg fekk ut bilen og køyrde ein liten prøvetur. Eg håpte på at det ikkje skulle komme meir snø, men det har det altså gjort,mens eg har sete inne og fyrt i omnen og strikka.. Men eg tek det ikkje så tungt for eg greier å moke såpass at eg får ut bilen før klokka 13 i morgon. Då har eg legetime. Det er ikkje noko spesielt men eg går til kotroll to gonger for året, og det er no viktig nok.

Det er ikkje så mykje å berette i dag, eg har stort sett gjort to ting, ete og strikka. Det er sikkert mykje anna eg kunne ha styrt med, men eg blir no litt lat i dette veret. Vinteren kom så brått og uventa, men eg meiner at noko av det samme skjedde i fjor, då dar det i alle fall ein periode med snø og kulde før jul.

Eg har ikkje mykje å berette i dag, men det eg kom til å tenkje på var November månad for 60 år sidan. Då kom heile familien flyttande til Ørsta, det var to born den gongen, Solveig som var 2 år, og Rasmus 1. Vi flytta inn i eit gammalt hus på Melle, der vi vart buande i 5 år. Om huset var gammalt, så hadde vi det i alle fall heilt for oss sjølve, for det var ingen som ville leige ut til ein familie med to små born før vi fekk flytte bort på Engeset til Gudrun. No seinare har eg tenkt at åra på Melle var gode år -då eg fekk vere heime med borna.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:6.desember

Denne nydelige julestjerna fekk eg av Marit i går. Eg set stor pris på både Marit og blomsten  Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +1gra...