No er klokka 17.36, temperaturen ute er +1grad , men det er opplett no. Eg moka tunet i går kveld, men det hadde snødd i natt så eg gjekk ut i dagmorgon og begynte å moke igjen. Men då ropte naboen at han skulle komme og ta det maskinelt. Eg var sjølvsagt glad for det. Det gjekk heilt greit å køyre ned til legesenteret. Det var ikkje så mykje eg skulle der, men eg måtte no legge att ei blodprøve. Ho tappa blod i berre eitt lite glas, og eg er no vant til at dei fyller mange. Då eg sa det, fekk eg til svar at no er det nok med ein liten skvett-dei finn alt dei skal der.Det går framover. Eg handla ikkje i dag, for i morgon er det trening, så då skal vi kanskje handle på heimvegen både eg og Marit
Før eg for nedover sat eg og strikka her på datarommet, her går det fort å få det varmt. Men no mot kveld måtte eg fyre på stova for det er der TV-en står. Så mykje meir har det ikkje hendt i dag. I morgon blir det å pugge spansk, det er berre to gonger til før jul.
Eg høyrer mykje på denne karen. Han syng for det meste salmar etc. men også andre irske og keltiske songar, ja stort sett det meste. Eg leita han opp på nettet og no får eg meir og meir av han. James Kilbane heiter han. Kjekt med musikk til arbeidet/strikketøyet.Eg har masse garn no , som Solveig har kjøpt for at eg skal strikke lestar. Ho lagrar dei for framtida.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar