Akkurat no er dette utsikta frå gangdøra.. Det har slutta å snø, og temperature har gått ned til minus 2 graderC
I dag skulle vi eigentleg på trening, Marit og eg, men det var ikkje håp om å få bort snøen og ut bilen så vi måtte melde avbod.
Litt seinare kom Helge med fresaren og freste opp heile tunet, eg moka trappa og litt rundt omkring med spade, men det varte ikkje så veldig lenge før ryggen protesterte. Eg syntest eg måtte gjere noko til gagns om ikkje anna, så eg varma opp frosen melk og laga brød i dag også. Dei vart ikkje heilt perfekte, eg et no stort sett kva det er, men eg har bestemt at eg skal ikkje bake meir på ei stund.Eg fekk no vaska opp i maskina og litt for hand.
Elles veit eg ikkje kva eg har styrt med i dag-anna enn at eg har strikka på ein lest, det gjer eg kvar dag, men i dag vart det litt plunder og opprekking, men no er alt i orden. Eg har ikkje sett på TV-en i heile dag, så no blir det vel mykje nytt å høyre. I morgon skal eg på spansk-kurs dersom eg kan ta ut bilen, det er litt langt å gå på snøføre, med vond fot og låk rygg.Men elles har eg det bra.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar