fredag, november 14, 2025

Dagbok 2025: 14.november


 Klokka er no 16.23, og det mørknar ute. Temperaturen ute er+1 grad og det er overskya.. Vi er vel ikkje åleine om å få eit lite vintersjokk, for så tidleg er det ikkje vanleg at vi får snø. Eg orka ikkje å begynne å moke, for eg reknar med at snøen renn vekk etterkvart, men eg tok spaden og moka trappa og laga ein veg til postkassa. Då eg seinare på dag gjekk ut i garasjen etter ved, vassa eg berre gjennom snøen. Når ein har vond rygg kan ein ikkje ta det så tungt.
 

Eg måtte ut att i garasjen for eg hadde ikkje slått av lyset.

Eg spada meg ein liten veg til postkassa. etter at eg hadde moka trappa.

Det er alltid styr med den første snøen, men at den skulle kome så tidleg i år, var eg ikkje budd på.
Elles har eg vaska fredagsvask, bytta på senga og vaska ei full maskin med klede som eg har tørka i trommelen og lagt i hop no.Det er ikkje mykje å skryte av, men som sagt er eg låk i ryggen i dag og då greier eg ikkje så mykje. Eg håper snøen smeltar og renn bort av seg sjølv,for i morgon har eg no tenkt å ta ut bilen. Eg plar handle på KIWI laurdag fømiddag.
I dag er det den 14.november og det var fødselsdagen til Nils, han hadde vore 89 år om han hadde fått leve så lenge.

Eg har kveik litt i omnen for å få det skikkeleg varmt og godt og så har eg tatt fram strikketøyet, og så får eg sette på TV-en. Apropos TV så syntest eg det var kjekkare program før i tida. Den tida då alle såg dei samme programma og vi ikkje hadde så mykje å velje i- .
No vil eg ønske alle ei god helg!



Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...