tirsdag, november 11, 2025

Dagbok 2025; 11.november


Klokka er no 18. 05 Temperaturen ute er ca+10 grader C  og det regnar. Eg likar ikkje så godt regn, men snø er verre, for den må vi moke vekk. PÅ bildet over ser de kvar eg sit no, på det såkalla kontoret mitt, eller datarommet. Det er kjekt å ha dette vesle rommet , for her blir det fort varmt når eg set på ein elektrisk omn, Her sit eg mykje med datamaskina. I dag har eg jobba litt med spanskleksa til i morgon. Eg har også printer så eg kan printe ut det eg skriv. Dette er sjølvsat ting som eg skaffa meg den tida eg jobba i skulen. Men det er kjekt å ha no også. Eg skulle berre ønske at eg var flinkare å skrive på tastaturet for det går litt seint. Høna som står der på hylla vann eg på ei utlodding i pensjonistlaget-det var i påsketider.

I dag har eg vore på trening, godt å vite at eg har fått vinterdekka på bilen, så eg slepp å vere redd for glatte vegar. Eg handla på KIWI på veg heim. I dag fann eg spekesild i fryseboksen, så den tok eg med heim. Eg laga kålstuing og kokte poteter etc, men eg vart skuffa over silda, den var ikkje så god. Eg er vand til den gode kryddersilda på Spar, så dette vart nedtur. Men så veit eg det til ein annan gong.

Eg jobbar litt treigt med spansken for tida, men eg har no i alle fall gjort leksa til i morgon. Spansk er heilt greit så lenge eg har ein tekst å lese og omsette, det er når eg skal lage setningane sjølv at det blir vanskeleg, men det er ingen som tvingar meg til å lære språket, det bestemmer eg sjølv. Men det er kjekt å ha noko å gå til. Eg kan ikkje sitte her åleine og strikke heile tida.

Dagane og vekene går fort no fram til jul, men eg synest det er mørkare enn det brukar å vere, kanskje fordi det er så overskya.


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...