Klokka er no 17.56 og temperaturen ute er ca+8 grader. Det har regna meir og mindre i dag, og dagane er no så korte at dei er over før ein har ete middag.
For ei tid sidan kjøpte eg nokre brukte vinterdekk frå ein kar i Volda; det var Rasmus som ordna opp , pr. telefon og datamaskin. Men eg tok imot dekka og hadde dei i garasjen. Meininga var at Einar skulle komme og sette dei på når det begynte å bli glatt etc. Men så reiste Einar til London, og eg måtte begynne å tenkje på korleis eg skulle gjere det. Eit par dagar med litt glatte vegar gjorde at eg tenkte meir på det. Men så vart det fint og varmt igje. Nok om det, eg forstod at eg måtte ordne opp sjølv så i dag fekk eg piggdekka inn i bilen og køyrde ned på den verkstaden der eg brukar å ta kontrollar.
Der var dei veldig kjekke i dag også, så eg fekk "ordre" om å komme att om ein times tid. Og slik vart det. Det tok ca 1 time å utføre det dei skulle og eg sat på ALTI og drakk kaffi og åt Wienerbrød i ein halv time, så gjekk eg tur i hamneparken resten av tida, såg meg om og tok bilde. Eg er veldig sjelden der nede så det var kjekt å sjå seg om.Då eg kom bort til verkstaden igjen var bilen fiks ferdig og eg kunne køyre heim.
Her heime skjer det ikkje så mykje, eg har vore lat i dag, sett TV, strikka og etc-det er vel alt. Men i morgon skal eg på trening igjen.
Er lurer på om eg greier å sette på "pynten " som Rasmus hadde på dei gamle hjula ?



1 kommentar:
Bra at du har fått ordna med vinterdekk, Olaug. Du er flink 😊
Legg inn en kommentar