Slik ser det ut frå trappa i kveld. Eg har vore inne heile dagen, berre så vidt eit lite ærend i garasjen.Eg har vore her åleine, har strikka og sett TV-og sove innimelllom.Temperaturen ute er+7 grader og det har regna i dag også. Det gjer ingen ting- berre det ikkje kjem snø og is.
Eg sov godt sist natt, dei nye sovetablettane virker godt, men då eg skulle sjå Gudstenesta på TV, sovna eg og sov gjennom hele programmet. Eg var i heile tatt veldig trøtt i dag. Men det er ikkje så farleg, eg har tid å sove.
Eg har ikkje gjort stort anna til nytte i dag enn å strikke og lage mat.
Men eit kvart skjer det no alle dagar, og i dag var det vaskemaskina. Eg hadde sett den på for å vaske ein genser. Då eg kom ned og skulle ta genseren ut av maskina var den dyvåt så det rann av den. Eg fekk ikkje til å sette på sentrifugering og då kjem tanken fort:Må eg ha ny maskin? Eg hatar å skifte ut maskinene mine, men eg er redd for at denne no takkar for seg. Eg har hatt den lenge. Eg kan ikkje vere utan vaskemaskin, det er greit, men det er eit styr med å skifte. Eg reknar med at viss eg må ha ny, så vil alle barna mine komme med gode råd og vink. Berre synd at Rasmus er så langt borte. Då eg skifta oppvaskmaskin var han her. Eg skal gi beskjed når eg veit meir.
No blir det vel å sjå om der er noko på TV, og garn har eg , så eg kan strikke. Det sørger Solveig for- I går kom ho med ein heil kartong med nytt garn til meg. Ho og Margrete strikkar alle slags fine genserar, men eg gjer ikkje det lenger, eg strikkar lester og stort sett berre det.
Eg tenkte å begynne litt på spanskleksa i dag, men eg finn den ikkje. Eli brukar å legge den ut på Datamaskina, men der var det ingen ting.
PS: Eg vaska ei bukse i vaskemaskina og då virka den ialle fall heilt fint.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar