onsdag, november 12, 2025

Dagbok 2025: 12.november

Dette bildet tok eg klokka 16.30 i dag. Det var mykje mørkare ute då, enn det vi ser på bildet. 


 Klokka er no16.55, det er + 6 grader C ute og det regnar. Ja, eg likar ikkje regn, men det er no betre enn snø, for meg i alle fall.

Eg var litt i tvil om eg skulle fare på "Spansken" i dag, men det vart til at eg for.

Då eg kom ned dit vi held til, var rommet stappfult, ikkje av spanskstudentar , men av slike som vart skolerte i bruk av telefon m.m. Eg skulle sikkert ha vore der eg og, men Terje kom og henta meg , og så gjekk vi på eit anna rom, der spanskstudentene skulle halde til. Vi var ikkje mange i dag, tre studentar og to lærarar.  Men vi hadde det kjekt og lærte ganske mykje i og med at det var så mange lærarar. 

Eg hadde lova Marit å komme opp når eg kom heim att, for vi har ikkje vore i lag på lenge av ymse grunnar-. Vi hadde sjølvsagt mykje å prate om.

Då eg kom heim att laga eg meg middag, i dag vart det steikte kjøttpølse og steikt poteter-eg kokte så rikeleg i går at det heldt i dag også. No er dagen nesten til ende og eg har ikkje utretta mykje, men no skal eg sette på TV-en og ta fram strikketøyet.

I morgon er det trening og då blir Marit med viss det går etter planen. Det er spennande no korleis veret vert framover, om det kjem snø eller is på vegane. Eg er glad for å vere skodd med piggdekk. Det har eg ikkje hatt på mange år. Eg har hatt såkalla heilårsdekk, og det har gått heilt fint. Men no meinte Rasmus at eg ikkje kunne ha dei lenger. Så han sørga for at eg fekk dekkskift.Og takk for det!

I morgon skal eg kanskje på byen med Ragnhild.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...