Eg har minst 4 Klematisplantar, men i år har det vore berre sorgen, det har nesten ikkje vore ein blomst å sjå på dei. Men no har altså denne funne det for godt å glede oss med masse fine blomster til slutt.
Klokka er no21.11, temperaturen ute er +7 graderC, men vi har hatt ein fin dag med mykje sol. I dag var det trening igjen og vi kom oss av garde både Marit og eg,, men i dag køyrde vi beint heim etterpå utan å fare på butikken.
Eg syntest det var litt kaldt å vere ute, så eg sette meg heller til med littspansk-lekse. Men etter ei stund gjekk eg ut og begynte å jobbe i hagen.Det er mykje å gjere no før hausten kjem for alvor. I dag jobba eg på aust-sida av huset med å rydde litt i bedda og rundt omkring, Eg gjorde ganske mykje, det viser ikkje så mykje att, men eg har i alle fall fylt to store sekker som skal på VØR med tid og stunder.
Det vart så fint etter kvart at det gjekk and å sitte ute, så eg sat oppe hos Marit ei stund, før eg gjekk heim og kokte ei panne med risgraut. Eg må av og til koke graut fordi eg kjøper melk som eg ikkje brukar opp til noko anna.
Eg har begynt på andre lesten av garnet eg kjøpte i Volda, og eg må ha vore heldig me storleiken på den første lesten, for den andre blir visst heil lik.
I morgon er det fredag og fredagsvask, det er det lenge sidan eg har hatt no, men så kjem eg vel i rute igjen.
I går kveld såg eg ikkje kveldsnytt, så i natt sov eg betre. Eg hugsar mamma; ho såg aldri "Kveldsnytt" når ho var åleine heime. No skal eg sette meg inn i stova og strikke hæl på lesten.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar