Klokka er no 19.57, temperaturen ute er +17 grader C, det er overskya , men opplett. Når eg står på altanen og skal ta bilde, reagerer eg alltid på at eg nesten ikkje får sjå fjorden fordi det er så mange tre som øydelegg utsikten for meg, eg har ein mistanke om at litt av trea er mine-men berre litt. Eg er motstandar av høge tre i hagar, så sant dei øydelegg utsikt for meg eller andre. Det hjelper litt at lauvet fell av om hausten.
Dagen i dag har ikkje vore så spennande. Det første eg gjorde i dag var å fullføre sudokuen i Møre-Nytt, eg begynte på den i går kveld, men måtte gi opp. I dag ei stund etter frokost kom eg i mål. Og det var bra!
Eg har vaska så mykje før i veka at i dag vart det berre litt vask, men i staden støvsuga eg alle teppegolva mine. Og så overraska eg meg sjølv med nydeleg middag etterpå. Det var spekesild(kryddersild) med poteter og anna tilbehør. Det er ikkje ofte eg lagar skikkeleg middag, men i dag blei det. Det vart ein grand drikking etterpå, og så vart eg brått så trøtt at eg la meg på dagsenga mi-ei lita stund. For så gjekk eg opp til Marit og prata om laust og fast, som så mange gonger før.
Eg har lyst å gå på Vernet, men eg må spare foten min for for mykje mosjon, den er ikkje heilt god, men eg har ikkje vondt når eg er i ro. Når eg strikkar får eg vondt i venstre tommelen, det kjem vel av at det var der eg braut handa-sjølv om det er lenge sidan no.
I morgon er det laurdag, og då tek eg kanskje ein tur til VIK og ser på folkelivet der. Marit og eg drøymer om ein biltur rundt Berkneset, men eg veit ikkje om det blir eg som køyrer der. Det er så lenge sidan eg var der at eg har gløymt mykje. Eg er i grunnen ikkje vand med å køyre turar, eg køyrer stort sett berre i sentrum m.m.
Det er fredags kveld, og eg håper det blir noko kjekt på TV.
Ønsker alle som er innom bloggen ei fin helg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar