Klokka er no 16.36, temperaturen ute er +14 grader C. Det har nettopp vore ei regnbyge, men no skin det opp igjen. slik har det vore meir og mindre heile dagen.
I dag har eg vore opp og ned til Vik fleire gonger. Først på trening. Eg vakna grytidleg i dag, så då eg kom heim, prøvde eg å få sove litt, men det er ikkje så enkelt.Marit var ikkje på treninga i dag, men no er ho reist med Janne inn til Stryn, dei var ikkje før vekk, så kom Lollo ned til meg og ville ha mat. Marit sørger for at eg har kattemat på lager.
Eg hadde eit par ærend til Vik, og på siste turen sa bilen at no ville han ha bensin. Eg har ikkje bensinmålar så eg må ta det på gefylen.Dama på stasjonen var grei og hjelpte meg med kortet, eg tek ikkkje sjansen på å gjere det sjølv. No er det i alle fall gjort, så køyrer eg trygt ei stund. Eg skal no m.a. på Plantasjen og på VØR.
Men eg får ikkje gjort mykje hagearbeid for tida, veret skiftar , men det er nokså vått og kaldt.
Eg er litt skeptisk no akkurat for eg er låk i venstrefoten/hofta, kneet - det skifter på. Så har eg litt trøbbel med TV-en. Eg skulle få ein "boks" i posten , men den fhar ikkje vist seg. Helge står klar til å hjelpe så snart boksen er her. Vi har ein avtale.
No er det plutselig blitt vanskeleg å aktivere på datamaskina. Det var no enkelt før. Eg ser TV-det er ikkje det- men ikkje akkurat der eg vil sjå. Eg ser no nyheitene og det er no mykje det det går i.
No skin sola, og eg fekk vite på treninga i dag at det er pinse-helg; det hadde eg gløymt.
Eg har vore litt"sjuk" nokre dagar, men er frisk no. Men eg søv for lite, så eg er ofte trøtt. Noko skal det vel vere når ein blir så gammal.
Dette var påske-og no er vi komne til pinse, skulle ønske vi fekk litt meir sol og varme.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar