Det har vore skiftande ver i dag-best som sola skin kjem det ei regnbyge. Eg fekk no på plass alle kleda eg hadde vaska før eg tok ein tur til Vik og ALTI. Eg er alltid tidleg oppe så dagane er nokså lange, og det er berre bra.Men i dag lurte eg meg til å sovne på dagsenga mi etter middag. Og det gjorde berre godt. Eg kokte risgraut til middag i dag; det må eg gjere sånn av og til fordi eg kjøper inn melk og vonar at eg skulle få bruk for den.
Så var eg ute og jobba i hagen ei stund, der er så mykje som skulle ha vore gjort at eg kjem aldri i mål, men her ser no nokolunde bra ut, meir kan ein ikkje forvente. Men eg må sjå til å få orden på kantklipparen, for den er god å ha
I dag var det pakke til meg i postkassa, det var klede som Solveig hadde hjelpt meg å bestille på nett. Mellom anna ein lysblå genser som eg likte godt. Dette er billege ting, så det gjer ikkje noko om ein slit det fort ut.
I morgon skal vi på trening, eg skofta tysdag, fordi eg ikkje var i form-
Eg skulle ønske at veret var litt meir sommarleg no når vi er komne til juni månad, med mange fødselsdagar etc. Og så blir det sommarferie på lærarar og elevar. Det ser vi fram til .
Så kom sola ei lita stund.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar