fredag, juni 06, 2025

Dagbok 2025: 6.juni


 Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 15 grader C, det er opplett og litt sol no, men eg trur det har vore regnbyger. Eg har ikkje følgt så godt med i det siste. I dag tok eg fredagsvasken, og så gjekk eg opp til Marit og drakk kaffi og prata ei lang stund. Eg fekk vite korleis ho hadde hatt det i Stryn og eg fekk fortelje om den vonde hofta mi. Sist eg var så låk i hofta varte det 10 år om ikkje meir. Så eg veit ikkje kva eg kan vente meg no. Eg får i alle fall ikkje ""ny hoft" for det er eg for gammal til. Berre eg slepp å verke mykje får eg finne meg i det. Det blir ikkje så mykje hagearbeid å meg i år , trur eg.

I dag fyller dottera til Solveig 28 år, men ho er i Bergen så vidt eg veit.

Her er familien til Solveig, mann barn og barnebarn, og oldebarnet Amund på skuldtane til faren,Håkon. Mannen til Olaug Thomas står heilt til venstre.

                   Her er Olaug med Amund og sin eigen son, Tobias.

Sidan Olaug bur i Bergen er det ikkje så ofte vi ser henne og familien, men dei var på Hareid i påska.

Etter at eg hadde vore oppe hos Marit i dag, kom eg heim, åt litt og så strekte eg meg ut i heile mi lengde her på dagsenga mi og sov meir og mindre. Det er ikkje alltid eg søv så godt om natta, så det gjorde godt å få ein blund. Det er i morgon det er pinsafta så då får eg ta ein tur på butikken og handle inn til dei to pinsedagane. Eg hadde gløymt heile pinsa, fordi den kom så seint i år.

Det er fredag kveld så eg ønsker alle ei god helg. Regn i morgen , står det på Pc en min, så då veit vi kva vi har i vente.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...