Klokka er no19.21, temperaturen ute er +14 grader C, og det regnar så smått innimellom.. Det har vore ein kjedelig dag, eg har heile tida følt på at det er søndag, men eg har no vore ein tur på butikken om eg ikkje har gjort så mykje. No på ettermiddagen har eg sett reprise-sendingar på TV, har sett om att serien der unge, litt spesielle ungdommar fekk spørje ut diverse kjendisar. Det er ikkje så mykje eg får tekst på alltid, men dette var teksta , så då gjekk det and å sjå det om att.
Elles så var eg altså og handla. Der var ei dame som eg kjenner, ei litt fin frue, ho stod og plukka fram diverse grønsaker som ho skulle steike, sa ho.Det var så godt med grønsaker. "Ja, men no er dei dyre, sa eg. "Det drite eg i" forkynte ho høgt og tydeleg. Eg synest det var heilt prima sagt.
Eg har som sagt ikkje gjort noko særleg i dag, det er akkurat som eg trur det har vore sundag. Men det har ikkje vore så godt ver til hagearbeid uansett.
Eg slit med den TV-en for eg vil ha alt teksta, og i dag gjekk det i TV 2-reprisar av den grunn. Men som sagt så strikkar eg, så det er ikkje heilt bortkasta tid.
Eg kunne ha jobba i hagen, men det har vore regn innimellom, så eg hadde god unnskyldning for å sleppe.
Auget mit merkar eg ikkje noko til,så eg reknar med at det er bra. Men eg lurer litt på kva det var som hadde kome innpå og laga slikt styr.
Eg skulle legge inn nokre bilde, men det er trøbbel med PC-en.
Rhododendronen blomstrar av.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar