søndag, juni 29, 2025

Dagbok 2025: 29.juni

 


Klokka er no17.30. Temperaturen ute er + 11 grader og det regnar meir og mindre heile tida. Det er ingenting som minner om sol og sommar.Eg må innrømme at eg blir litt deppa av dette veret. Men vi får håpe at det blir betre etter kvart.

I dag har eg sete inne heile dagen, og strikka litt, mens eg har sett på TV som eg ikkje får til slik det skal vere. Eg har hatt orden på TV nesten heile tida sidan Rasmus var her i fjor sommar, men no får eg ikkje sjå og høyre det eg vil-men det er sikkert einkvan som kan hjelpe meg. 

Det blir veldig viktig med TV når ein skal vere inne heile tida. I morgon før middag har eg eit ærend til Vik, så då kjem eg meg no ut av tunet om ikkje anna.Eg har i grunnen bruk for litt finever for eg skal gjere diverse i hagen. 

Uver i juni har eg vore med på før. Eg hugsar det året eg var lærar i Trovågen. Då eg skulle reise derifrå og heim til Eid, var det så stygt ver at vi  kunne ikkje fare med motorbåt, men måtte gå til fots og bere koffertar  gjennom "marka" til Nåra.

Eg vil så gjerne lage det litt fint til i hagen, men då må eg har godver.

I morgon reiser Margrete på ferietur, første stopp er Oslo, og der er det visst finever. Eg blir vel verande her, men det blir nok eit par småturar går eg ut frå.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...