Klokka er no 19.27, temperaturen ute er +18 grader C og i dag har det vore regnbyger innimellom , og ikkje mykje sol. Eg synest det er isande kaldt også og frys. Det har vore regnbyger i heile dag så det har ikkje vore aktuelt med hagearbeid.
Sidan det er fredag, tok eg fredagsvasken først på på dag, men det er fort gjort- Så skulle eg ein tur til Vik, der har eg vore ofte i det siste. I dag måtte eg på apoteket igjen, for i går då eg heldt på nede i hagen, må eg ha fått eit kvart inn på venstre auget, for då eg skulle sjå TV i går kveld begynte det å svi noko forferdelig. Det kom seg fort,men ikkje heilt, og det var ikkje heilt bra i dag heller. Så eg gjekk inn på apoteket og der fekk eg saltvatn til å vaske auget med. Å dryppe auge er noko eg har gjort før, i åresvis, så det kan eg. Det går fint å dryppe, men om det hjelper veit eg ikkje. Auget er heilt i orden og eg ser like godt som valeg, men det kjennest ut som om der er noko som ikkje skal vere der. Apotekdama sa også at eg kunne ta ein allergi-tablett og det gjorde eg. Men eg synest ikkje det har hjelpt noko. Det er ikkje verre enn at eg kan leve med det, så går det vel over.
Eg hadde eit ærend til i Vik, eg køyrde bort på Ose til blomster- utsalet til Urke gartneri, og kjøpte ein blomst til grava. Eg hadde tatt med meg verktøy heimefrå så eg kunne køyre rett til gravplassen og ordne opp. Eg hadde med telefonen, så eg skulle ta bilde, men den var ikkje oppladda, så bilde vart det ikkje.
Marit er så flink å bake bollar og rundstykke, og i dag vart eg invitert på lunsj , der ho serverte grove rundstykke rett frå steik -omnen- Rundstykka var gode og eg var svolten så eg åt godt.
Eg har sete og sett litt TV-men no er det berre rot på maskineriet. Eg får ikkje lenger til å sette norsk tekst på alle program, slik eg har kunna heilt sidan Rasmus var her i fjor haust, eg er så irritert på heile TV-en, dei driv og forandrarar på noko heile tida.
No skin sola ute, det er typisk at ho kjem fram seint på dag. Eg har lyst å gå på Vernet, og ein vakker dag tek eg sjansen.
No vil eg ønske alle ei god helg, og god ferie til dei som skal ha det.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar