torsdag, juni 26, 2025

Dagbok 2025: 26.juni



Klokka er no17.54, temperaturen ute er 19  grader C. Det har vore opplett og delvis sol i dag, men no står det på skjermen at det skal bli regn i kveld igjen.

I dag var det siste dagen på trening før ferien, no har vi fri til august. Så får vi litt sommarferie vi gamle også.

Etter treninga hadde eg avtale med ei venninne om å møtast på kafeen i Svendsengarden. Dette huset er eitt av dei eldste i sentrum og det blir jobba for å halde huset i orden,men det krev både arbeid og pengar. Der er ein kafe i første etasje og det var der eg skulle treffe venninna mi i dag.Vi kjøpte oss kvar si brødskive og ein kopp kaffi og så prata vi om laust og fast ei stund. Men det som eg skulle spørje henne om-det gløymde eg, som vanleg.

Det som før var handlegata i Ørsta eg no blitt gågate, ja det er no lege sidan den blei det. Men det er ikkje så mange som går der viss det ikkje skjer noko spesielt Eg tok bilde i gata nedanfor som eg kan legge ut her.


                                          Gågata mot vest. 
 PÅ heimvegen stakk eg bort om grava for å sjå korleis der såg ut. Der må ryddast opp og plantast først best. Eg får sjå om eg kan gjere det i morgon.Eg var innom KIWI og handla men dei hadde ikkje noko som høvde i dag, ja då meiner eg blomster til grava.
Eg hadde litt husarbeid då eg kom heim, men så gjekk eg ned i hagen og begynte å rydde opp nede på muren ved kompostkassa. Då eg hadde 3 store sekker fulle gav eg meg, men ferdig er der ikkje. Tysdag var eg på VØR med 6 sekker, og no har eg allereie greidd å fylle 3 nye. Godt vi har VØR.
Etter at eg kom inn att har eg lagt i hop klede og tømt oppvaskmaskina. Det blir litt husarbeid sjølv om ein bur åleine.No nærnar det seg tida for nyheiter på TV-men det er nesten som eg helst vil sleppe å sjå og høyre. Det er som regel ikkje godt nytt-.


 


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...