onsdag, juni 25, 2025

Dagbok 2025: 25. juni-


 Klokka er no18.50, temperaturen ute er +16 grader C, det er overskya men opplett. Eg høyrer at fleire av naboane er ute og klipper gras.

Eg har hatt ei fin og annleis dag i dag. Som vanleg var eg tidleg oppe, litt for tidleg eigentleg, for eg venta ikkje nnokon før bortimot klokka 11. Då kom snikkaren som skal sette inn eit par nye vindu i huset mitt, Han kom som avtalt og ein times tid seinare kom Margrete og henta meg -og så køyrde vi til Solveig på Hareid. Der har det vore fleire fødselsdagar i det siste, som vi feira i dag. Vi fekk middag og dessert og litt seinare kaker og kaffi. Det var rikeleg av alt-som vanleg der i huset. Tre av dei fire borna til Solveig og Øystein var der og i tilleg to barnebarn- oldebarna mine.

Amund som vart 5 år i vår, og Tobias som blir 8 månader den 1.juli.Det var veldig kjekt å kome i lag med små og store.  No har Margrete pakert meg her heime og reist vidare heim til seg. 

Eg vil takke Solveig og heile familien for ein nydeleg dag og Margrete for skyss.

                                               Olaug med Tobias

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...