tirsdag, juni 24, 2025

Dagbok 2025: 24.juni

Klokka er no18.07, temperaturen ute er + 18 grader C, Det er ikkje sol, men det ser ut som det kan bli. Eg kom nettopp inn att, eg har vore ute og jobba i hagen. Det ser heldigvis ut til at eg blir bra i den foten som har plaga meg litt.I dag var det like før eg gjekk tur på Vernet igjen.Men eg tek ingen sjansar.

Marit og eg var på trening  i dag, torsdag er det siste gong før ferien. Etter treninga var eg på ALTI og kjøpte sikring til "brannstasjonen", eg var ikkje heilt trygg på at det var heilt i orden den vi hadde. Og Erlend kom og skifta, eg trur det vart betre no. Erlend skulle til Hareid i dag, så i dag måtte eg gjere hagearbeidet sjølv. Men først måtte eg på VØR med mange sekker fulle. Godt å få det vekk etter kvart. Vi "hagedamene" er veldig glade i VØR.

I dag sette eg meg føre og rydde opp litt i det som før var jordbæråker, men som har blitt vanstelt og ikkje fungerer lenger. Der er to "senger" i den eine er der enno nokre jordbærplantar , men mest rusk. Her har eg halde på i timesvis og klipt gras og anna med ei kjøkkensaks, det vart ein stor sekk full. No lurer er på kva eg skal gjere , det blir vel helst at eg av-viklar jordbærdyrkinga -og får enda litt meir "plen". Eg har ikkje rygg til å stå og bøye meg så mykje.

Det ser bra ut i hagen no, men heile plenane er som eit mjukt teppe fordi det er så mykje mose. Kunstgjødselen har vore så dyr dei to siste åra at eg ikkje har kjøpt ein einaste sekk. Det straffar seg. 

Eg gleder meg til i morgon, for då skal Margrete og eg ut til Solveig. Håper vi får fint ver, men om vi ikkje får det, blir det sikkert kjekt likevel.

No må eg finne meg litt god mat for det synest eg at eg fortener. Naboane mine reiser til syden i kveld, og eg veit ikkje kor lenge dei blir der.

I dag fyller Einar 38 år-han er den eldste av barnebarna mine. Han er så flink å besøke meg, og vi har alltid mykje å snakke om.

                                                 Moseteppe-

 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...