Klokka er no18.38, temperaturen ute er + 14 grader C -og no regnar det. Elles hae det vore så mykje opplett at vi fekk gjort noko ute i hagen. Erlend har klipt heile skråninga og eg har gjort litt ymse. Eg kan ikkje utsette foten min for altfor mykje , men litt har eg gjort med hjelp av kantklipparen etc.
Det første eg gjorde i dag var å lage ei kake. Eg har enno ikkje gitt opp å prøve og bake, men no er det snart slutt. Baking er ikkje det eg er flinkast til ,nei, og verre blir det..
Også i dag stod eg opp i 7 tida , etter å ha sove altfor lirte, men eg tok det att etter at eg hadde ete middag for då sovna eg framfor TV-en. Når ein legg seg i 1-tida skal ein ikkje stå opp klokka 7.
I morgon får eg prøve å komme meg på trening, onsdag skal Margrete og eg ut til Solveig og torsdag har eg avtale med ei venninne om å gå på kafé, så då er veka nesten booka. Det er bra for meg, for no når eg ikkje går på Fonnvernet blir det litt for mykje "heimesitting".
Marit og familien hadde vore nede og sett "lurvetoget"- det er ein skikk her i Ørsta at ungane kler seg ut og går i tog på jonsokafta. Eg synest ikkje det er så festlig. Tenkjer på kor flott program det var på Eid nokre år i min ungdom. Eg reknar ikkje med at det er slik no lenger.
Eg kom på at eg har ei skål med rømmegraut i frysaren-i tilfelle eg vil feire!.
Men det blir vel TV og strikketøy, heilt til eg kan opne MøreNytt på data i 10 tida-då blir det sudoku
Einaste rosa som blomstrar til denne tid er "Therese Bugnet"

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar