onsdag, juni 11, 2025

Dagbok 2025: 11.juni


Klokka er no 16.24, temperaturen ute er +12 grader. Det er mest skyen, men litt sol innimellom. Det har vore nokre regnbyer i dag, men ikkje så mykje regn, trur eg. Eg har no vore mest inne.

I dag hadde eg ingen plikter eller avtalar,så eg kunne gjere kva eg ville. Og det vart litt av kvart. Eg fann på at eg skulle pusse kopar og messing - for det hadde eg ikkje gjort til påske. Det vart til at eg vaska koparen i oppvaskmaskina, men pussa messingen på gamlemåten.

Så har eg eit klesskap der det heng klede som så å seie aldri blir brukte. Deriblant "bestekjolar som eg har kjøpt og brukt ein gong eller 2. For fine til å kaste, men eg kjem aldri til å bruke dei meir. Eg har spurt Solveig, som er flink til å sy-og har ei flott symaskin, om ho kanskje kunne sy litt om på kleda slik at dei passa til ein kvan som vil ha dei. Det er for gale å kaste dei i bosset, synest eg.

Så strikka eg ferdig eit lestepar innimellom , før eg gjekk ut ein tur og såg på hagen min. Fekk gjort aldri så lite også, tok opp rota til det daude rosetreet t.d.(Dronning Elizabeth) Eg vurderte å plante ut rosa som eg fekk av Einar, men kom til at eg ville ha noko som var høgare der. (Bildet over).

Eg overraskar meg sjølv i dag, eg har klart meg heilt utan Paraset, til denne tid.

I morgon er det trening igjen og ikkje fleire ekstra helgedagar på ei stund det eg kjem på. Men så kjem det no SOMMARFERIE snart. Håper på ein fin sommar med mykje sol og varme. No skin sola inn til meg; nesten alltid sol når det lid langt på dag, men då blir det ikkje så mange timane.

I går trudde eg at eg aldri meir fekk få tur på Vernet, men no har eg eit lite håp.


 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...