I dag har Marit og eg vore på trening, men det var ikkje så mykje eg kunne trene, med ei vond hofte. Hofta er ikkje så vond som den kunne vere før, men eg må vere forsiktig med kva eg gjer. På heimvegen handla vi på KIWI, som vanleg.
I dag laga eg meg grønsakmiddag med ost. NO får ein kjøpt Salatost frå Tine, det var nytt for meg.
Eg har vore ute og rydda litt i hagen, men så mykje blir det ikkje gjort. I dag har naboen kjøpt bensin til meg på småbåthamna , så no kan eg bruke plenklipparen. Eg prøvde litt i dag, klipte plenen nedanfor huset, men eg trur ikkje det var så lurt, for eg vart verre i hofta etterpå.
Mykje av ettermiddgen har Marit og eg sete i stolar på tunet og prata. Då Marit gjekk opp att, planta eg ein hagehortensia, som eg fekk av Solveig på bursdagen min, i Garasjebeddet. Eg håper den overlever.
I morgon er det fredag igjen, vekene går fort.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar