Klokka er no 18.10, temperaturen ute er +11 grader C og det regnar. Eigentleg skulle ein ha sete iute på altanen ein fin dag i juni-og kanskje får vi det når det lid på.
I dag har eg vore til legen, på kontroll og litt meir. Det er denne forten som plagar meg. Eg hadde ca 10 år med plager før det tok slutt ein gong, men no er det på han igjen-og eg har blitt eldre. Eg snakka med legen om det, og eg kan få sprøyter t.d. og eg kan ta tablettar, dei hjelper no litt. Og så er eg glad for at eg har bil så eg kan kome meg av stad utan å gå så mykje. Elles var det no dei vanlege blodprøvene.
Etterpå var eg på apoteket og hamstra medisin, eg har frikort no så då gjeld det å bunkre opp.
Då eg kom heim kom Marit ned og heldt meg med selskap ei stund, og så blir det å sitte framfor TV-en og strikke.
Før eg var til legen hadde eg ordna med oppvask og klesvask, så eg er ikkje hjelpelaus.
Eg ser på hagen min, der som eg er så glad i å styre på. Det blir ikkje mykje eg får gjort i år. Men eg tenkte vi kunne ta ein familedag i hagen . Eg kan lage god mat og så kan det kanskje ordne seg med litt hagearbeid. Tida vil vise det.
Eg slepp å vatne i dag, så litt positivt er det no med regnet.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar