Denne dagen vart ikkje slik som eg hadde planlagt. Eg hadde tenkt å klippe alle plenane før eg skulle til Vik. Men slik vart det ikkje. Eg gjekk ut og tok fram klipparen , og etter litt plunder starta den opp, for å slokne litt etterpå, eg fekk klipt nokre få striper, og eg måtte starte opp att fleire gonger. Til slutt fekk eg ikkje start i det heile tatt. Eg hadde fylt på bensin, så det var ikkje det som vanta.
Litt ergerleg å ikkje få gjort det ein skal , men eg hadde no litt anna å knipe bort i.
Så tenkte eg: Eg vil gå tur på Vernet, men så var det ei anna stemme som sa at eg skulle rydde plenane opp mot gata. Og det gjorde eg, tok opp løvetannrøter, klipte litt her og der og til slutt tok eg ein sekk med mold og fylte på "Garasjebeddet". Eg syntest det vart fint-i alle fall betre enn det var før, og eg fekk brukt krakken min som eg fekk borte på Eid.
Det blei ikkje til at eg handla noko i dag, men det rekk eg i morgon. Då skal eg til frisør klokka 11, og når klokka nærmar seg 14 skal eg fornye sertifikatet mitt viss det går som planlagt. Fredags morgon reiser vi til Kongsberg. Eg ser fram til der, men gruer litt for å fare og få sertifikat, eg er redd for at det blir plunder. Eg lurer på om eg skal få nokon til å vere med meg? Eg får sjå kva eg bestemmer meg for.
Eg lurer på om eg skal ta ein tur på Vernet, eller om eg skal slappe av-og strikke?Det var veldig fint ute no, så det vart ikkje mange regndropane vi fekk, men dei kjem vel att.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar