tirsdag, mai 06, 2025

Dagbok 2025: 6.mai

Dette bildet tok eg akkurat no, frå altanen mot aust
Dette bilde tok eg akkurat no, frå altanen mot aust.

Klokka er no 18.20, temperaturen på trappa er ca+11grader, så det er ikkje så kaldt lenger, men det var mykje nysnø i fjella i dag også då vi stod opp.

I dag var Marit og eg i lag på treninga, og som vanleg handla vi på KIWI på heimturen. Eg var litt trøtt i dag enda eg sov godt og roleg sist natt. Eg har lova meg sjølv at eg ikkje skal gå på Vernet dei dagane eg er på trening. Så i dag tok eg meg ei kvilestund i staden.Etterpå fann eg ut at eg kunne bytte på senga og vaske soverommet og sengkleda etc. Eg hadde mykje energi så litt seinare begynte eg å rydde i garasjebeddet, for der er det fullt av  avblomsta løk- blomster. Eg heldt på ei stund, men det vart for vått og klissete og halde på slik i dag, og så misser ein mykje mold når det er så vått. 

I morgon har eg ikkje noko som eg MÅ, så då har eg tenkt å ta ein butikkrunde og kjøpe litt av kvart som eg treng-spesielt no når eg skal ut og reise. Eg ser veldig fram til å få sjå litt meir av verda, og så blir det kjekt å sjå att familien på Kongsberg, eg har ikkje vore der sidan Vebjørn vart konfirmert for 4 år sidan. Det var midt i koronatida og eg ville ikkje vere med på Crona, fordi eg begynte å nyse.

Eg skal sitte på med Solveig og Øystein og vi skal køyre om Sogn. Det var som regel den vegen vi tok då Nils og eg farta. No skal eg ta meg litt mat, og så skal eg hente inn avisa, det kom eg på akkurat no



Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...