lørdag, mai 31, 2025

Dagbok 2025: 31.mai


Klokka er no 17.53, temperaturen ute er \13 grader og sola skin no. I dag har eg hatt ein heil dag åleine, men eg har no gjort litt av kvart. Så snart ALTI opna klokka 10, var eg der. Eg skulle ha nokre medisinar, og tenkte eg kunne kjøpe alt som står på respten min no når eg har fått Frikort. Det hadde eg fått,men dei hadde ikkje alt tilgjengelig.

Då eg kom heim gjekk eg ein tur på Fobnnvernet til tross for at eg hadde ei vond hofte. No er det lupintid på Vernet-ikkje så mykje enno, men det kjem til å bli meir. Det er no mest blå blomster som kjem der, men det sleng rosa og kvite innimellom.

"Middagen" i dag vart brødskiver med kjøttpålegg m.m. Og jordbær til dessert. Eg hadde handla på KIWI på heimvegen i dag morgon.

Jobben som eg hadde planlagt i dag, vart gjort. Eg raka heile skråninga og fekk vekk det tørre graset m.m. Eg tok meg god tid og sat på ein stol titt og ofte for ikkje å øydelegge ryggen min. 


                                       Lørdag ettermiddag og helg


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...