I dag har eg vore heime åleine heile dagen, har ikkje vore ute for ei dør. Berre ut på trappa for å gi Lollo mat. Eg passar katten til Marit, ho er på hyttetur med sonen. Eg har ikkje vore storform i dag, men har no fått vaska hus, klede og oppvask. I morgon skal eg på butikken, det er eg stort sett kvar laurdag føremiddag, så no driv eg og skriv ned det eg manglar.. Det skjer ikkje så mykje når eg er heime og åleine, så eg har ikkje så mykje å skrive om. Eg får sjå kva eg kan finne på i morgon. Ønsker meg litt betre ver.
Veret betrar seg mot kvelden, no er det nesten sol.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar