Klokka er no 16.15, temperaturen er + 4 grader, sola skin og stort betre kan det ikkje bli.
Eg vakna tidleg i dag også, det blei frokost klokka halv 7 i dag. Eg er lei av dette tøvet, så eg må finne ein utveg.
Etter at eg kom skikkeleg klar i toppen, bestemte eg meg for å pusse vindua på stova i dag, Eg vaska dei først med mopp og såpevatn. Eg fekk ikkje spylt dei for hageslange var frosen, så eg heiv no berre litt vatn på. Då eg skulle pusse vindua inne fann eg ikkje "vindus.skinnet" så det vart eit halvhjarta puss med ein klut-men det kan eg lett ta igjen. Eg fann vindusskinnet i oppvaskkummen. Verre var det ikkje.
Då var klokka blitt såpass mykje at eg kunne gå tur på Vernet. Marit gjekk i lag med meg så lenge vi var på asfalten, ho har ein rullator som ho kan bruke ute også. Då ho snudde heim, gjekk eg vidare i lag med Marit U, vi gjekk opp på Vernet og der trefte vi fleire naboar, nokre med hund, så det vart litt sosialt i fineveret. Det vart minst EI runde på Vernet i dag.
Då eg kom heim sjekka eg om det hadde tina i hageslangen og det hadde det, Så fekk eg spylt skikkeleg på dei store vindua. Om dei ikkje var heilt som dei skulle , er dei i alle fall godt vaska.
Sola kjem til å gå ned snart, men det er fantask å få slike dagar i februar. For to år sidan var det også slik, det var då eg datt på altanen og skrubba meg opp i ansiktet. Det har eg ikkje gjort i dag.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar