lørdag, februar 15, 2025

Dagbok 2025: 15.februar


 Klokka er no22.13, temperaturen ute er minus 8 grader, men eg syntest ikkje det var så kaldt då eg var ute på trappa..

Dette har vore ein innhaldsrik dag, og no har eg sett MGP , men eg forstår at eg er gammaldags når det gjeld musikk etc.  Eg likte i grunnen best "Boddy socks".

Etter frokost etc. i dag køyrde eg ein tur på butikken og handla inn det er trur eg har bruk for. Då eg kom heim var der melding frå Margrete om eg ville vere med dei på restaurant i dag, og det ville eg sjølvsagt. Avtalen var at ho skulle hente meg her kl.15.

Eg fekk tid til å gå tur på Vernet før den tid, og så gjorde eg nesten ferdig sudokuen i Møre-Nytt før eg oppdaga at der var ein feil.Eg har ikkje greidd å fullføre enno, men eg har ein dag til før løysinga kjem i avisa.

Margrete og Amanda  kom med bil og skulle hente Erlend og meg, men så var kjæresten til Amanda på veg hit i sin bil, så vi venta til alle var med. 

Vi reiste til Volda og fekk nydeleg Kina-mat i eit nytt bygg der der er både restaurant, butikkar og hyblar eller leigeheiter. Det ligg på oppsida av vegen som går til tunnelen viss eg ikkje tek feil, Det var  ein annan butikk der før, men der er ikkje noko no. Vi fekk veldig god mat, eg er no glad i KIna-mat uansett. Det einaste var at der var kaldt inne sidan det var kaldt ute og døra gjekk opp og igjen. Så køyrde vi hit og drakk kaffi etterpå.



Eg vart litt overraska då eg fekk bilde frå barnedåpen i Bergen, for eg trudde den skulle vere i morgon.  Olaug ber guten på bildet og onklane Einar og Audun står til hørgre. Faren til barnet står bak Olaug. Dei andre kan eg ikkje gjere greie for.

Guten av fått namnet Tobias. Det er eit bibelsk namn, men eg veit ikkje kven Tobias i Bibelen var. Det har eg tenkt å finne ut av. Det blir kanskje ei stund til vi får sjå guten her,men Solveig og Øystein var no også til stades i dåpen.





Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...