Klokka er no15.37, temperaturen ute er +1grad, men det har nok vore kuldegrader før i dag. Veret er heilt fantastisk fint med sol heile dagen for oss som bu på solsida.Eg har vore ein tur på Fonnvernet i dag også, og der kjem det mange frå skuggesida og går tur med eller utan hund.
I
I dag greidde eg å ligge i ro til klokka var over 7, men eg hadde god tid før eg skulle på trening klokka 10. Marit var med i dag, men neste veke har vi vinterferie, så då er vi fri. Vi handla litt på KIWI på heimvegen, det var ikkje så mykje eg skulle ha idag.Der var ein mannsom helste på meg og sa namnet mitt og eg ante ikkje kven han var før han begynte å snakk om spansken. Han var med berre fyrste tida.
Då vi kom heim att tok eg meg litt mat og så gjekk eg på Vernet. Der var det strålande i dag. Men det er fint her heime også, så eg tok eit par bilde frå trappa etter at eg hadde ladda opp att telefonen.
Fjella på bildet heiter Nivane-kanskje Knivane, For viss ein ser godt etter ligg dei som knivar iei rad. Det var i desse fjella ei ung dame frå Polen kom vekk for nokre år sidan,. Dei leita lenge etter henne, utan å finne, men restane av henne fann dei etter ei tid.
Det er veldig lite snø i fjella . Der har vore meir men så vart det mildver lenge.
Eg er glad for at eg pussa vindua på stova, for no ser det relativt bra ut når sola skin.
Eg er så glad for at eg har fått orden på PC-en og ny mus, men eg må visst ta skrivebordet fram att, for eg finn ikkje att leningen som eg brukar når eg laddar telefonen. Det er ein ny ledning som eg kjøpte på Clas-den fann eg ikkje men den gamle ledninga , den fann eg no,men ikkje då eg leita etter den. Eg har eit heilt arsenal av ledningar og aner ikkje kvar dei høyrer heime.
Til helga skal Solveig og Øystein til Bergen, då er det barnedåp der. Lille Tobias vart forkjøla, men det går visst bra med han. No kjenner eg at det er litt kaldt her, men eg treng ikkje å fryse; i tillegg til varmepumpe har eg no god ved.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar