Klokka er no 20.08.Temperatuen ute er minus 1grad C.
I dag er eg litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje nytta tida til å kome meg ut og gå, eller gjere noko anna fornuftig.I staden for å sitte og bale med ein SUDOKU, som eg ikkje fekk fullført i dag heller. I Møre.Nytt er det sudokuar kvar gong, ein lett i tysdagsavisa og ein litt vanskleg i fredagsavisa. Eg har løyst nesten alle i fleire år.
Men i det siste har eg måtta gi meg på eit par, og då er eg heilt knust, fordi eg ikkje greier alt lenger. Eg er blitt gammal og ikkje så klar i toppen som før OSB.
"Det er no slikt ein må vere budd på og det er no ikkje så farleg", seier eg til meg sjølv-men eg høyrer ikkje etter. Mest irritert blir eg fordi eg ikkje berre kan legge frå meg, og bruke tida på noko anna. Nok om det, eg har ikkje gitt heilt opp enno.
Eg hadde ikkje planar for dagen i dag, så det vart ikkje gjort noko av betydning.
Eg har ikkje strikketøy heller, eg hadde så smått tenkt meg til VIK men heller ikkje det vart det noko av.
Eg har sete framfor PC-en og øvd på spansk der, det har no litt for seg i og med at spansk kurset startar oppatt på onsdag i denne veka. Eg har ikkje meldt meg av , så eg kjem no til å prøve litt til. Vi skal få vere på eit ledig klasserom på Ørstahallen. Vi startar opp på onsdag. Og etterpå har eg avtale med ei venninne om å gå på kafé. Det ser eg fram til. Elles blir det vel trening tysdag og torsdag som vanleg. Det er blitt mykje mildare ute no, så det spørs koleis det blir med ver og føreforhold.
I kveld har eg vore oppe hos Marit og sett TV der og i morgon kjem Solveig og Øystein innom når dei køyrer til Volda.
I dag laga eg tomatsuppe med hardkokte egg til middag, og det var godt. Og så var eg altså oppe hos Marit og vi såg eit TV-prgram i lag. Eg har ikkje sett nyheiter i dag, men det er vel enno ikkje for seint.
I morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv TRUR EG
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar