onsdag, januar 29, 2025

Dagbok 2025: 29.januar


 Klokka er no16.35 Og sola har gått ned. Vi har hatt ein fin dag med sol frå klår himmel. Men no har sola gått ned for i dag. Håper ho kjem att i morgon.

I dag var det spansk -undervisning på Ørstahallen klokka 11.Eeg hadde tenkt å gå, kanskje ein siste gong, For eg er skuffa over at eg ikkje er blitt særleg mykje flinkare i det spanske språket. Men eg ville no fare ned og vere i lag før eg bestemte meg.

Då eg kom ned gjekk eg opp i 2.etasje for det visste eg at rommet som vi brukarer der, men der var mange dører -

-og ingen menneske var å sjå; så eg gjekk der og rusla ei stund før det kom 2 til av samme gjengen og så leita vi oss fram til det rette rommet. I dag hadde vi fått ein ny elev, ei dame som eg har blitt kjent med på Vernet- og som er minst like gammal som eg, Men ho kan litt spansk på førehand forstod eg. Etter kvart forstod eg også at dei fleste andre hadde like store problem som eg. Så då ombestemte eg meg til å halde fram. Om ein ikkje lærer så mykje  er det kjekt å ha noko å gå til-og så vankar det litt kaffi og kaker i tillegg.

Då eg kom heim tok eg meg litt mat, før eg gjekk på Vernet. I dag kunne eg ikkje la vere for sola skein. Der var nokså mykje folk ute o gjekk i sola og eg møtte eit par damer som eg kjenner.

Meir har eg ikkje gjort i dag. I morgon er det trening, og viss det blir like fint då, skal eg gå tur på Vernet då også. Det er så overkomeleg.Eg håper vi får ha sola nokre dagar, for ho varmar litt inne i huset.

No skal eg ha på TV-en og få inn alt det grusomme som hender i verda. Det er utrygt nesten over alt no.Så får eg strikke litt så det blir fleire varme lestar.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.februar

  Klokka er no 16.31,temperaturen er ca. minus 1,Det har vore overskya og litt regn eller snø, men no ser det ut som det blir klår himmel ig...