Klokka er no 16.45, temperaturen ute er så vidt over 0 grader. Det var mykje snø då eg stod opp i dag og det har kome mykje meir no. Eg synest ikkje det er så populært med snø i november; det kan bli ein lang vinter.
Eg kunne sjølvsagt ikkje gjere hagearbeid i dag, så eg er glad for det eg fekk gjort siste veka. Men eg skulle ut i garasjen og hente ved, då tok eg på meg store støvlar og tok ein stav i handa.For sikkerheits skuld.
Eg fann ut at det var lurt å finne fram mokebrettet før det vart for mykje snø å vaspe i så eg gjekk ned i tilbygget og fann fram brett og spadar. Men fekk eg enda ein ide, eg ville brenne opp diverse hagegreiner etc, Ein stor sekk med greiner frå trea og eit plastnett med avfall frå demonteringa av klungerrosene(det var på ingen måte tørt, men eg ville no prøve.) Eg fyrte i omnen og vart sittande mykje å passe elden og legge inn på etter kvart.
Eg slo sjølvsagt av varmepumpa så i dag har eg spart straum. Og kjempegodt og varmt har eg hatt det. Og alt er oppbrent no. Hadde litt god ved innimellom slik at eg fekk brent opp det som ikkje var så tørt også.
Middagsmat hadde eg att frå laurdag, så det var enkelt. Det vart å sette seg ned med ein kaffikopp, strikketøy og TV-etter middagen.
Problemet er no: Skal eg fare på trening i morgon? Orkar eg å få ut bilen? Eg likar ikkje å bestille bil frå pasientreiser til noko som ikkje er så alvorleg (Det er noko anna når ein skal på sjukehuset.Eg hadde nokre turar dit i fjor, det var i desember) Eg får sjå kor mykje snø som kjem og kor mykje eg må moke for å komme ut med bilen.Det kan no hende eg greier å komme meg ut utan å moke også, viss eg tek kanten som plogen lagar. Eg synest det var litt for tidleg å komme med så mykje snø, så eg håper den fer igjen. Fort!
Eg har så smått begynt å tenkje på jula, kva eg skal lage til dømes. Men eg lagar aldri småkaker meir. Eg kjøpte ein boks med to sortar, den eine sorten var så hard at eg vart redd for tennene mine.
No skal eg inn att på stova og sjå TV og strikke. Vi gamle har det godt, berre vi får vere friske.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar