søndag, november 17, 2024

Dagbok 2024: 17.november

 



Klokka er no18.22, men det har vore mørkt ute lenge. Eg har liksom ikkje vent meg til så mørke dagar enno. I dag har eg ikkje vore ute for ei dør. På føremiddagen såg eg TV og strikka litt. Det blei ingen tur på Vernet i dag heller, for det har regna.

Eg venta besøk av Margrete i dag, så det var no eit lyspunkt.

Eg hadde kaker i frysaren, så det var berre å koke kaffi. Erlend kom opp og var ei lita stund, men han hadde andre planar.

Det var ei stund sidan sist eg såg Margrete, så vi hadde mykje å snakke om, og brått hadde ho lita tid til å nå ferja, men ho kom om bord, det fekk eg melding om.


Komande veke skal eg ikkje på trening tysdag, berre torsdag.  
Juleførebuingar blir det ikkje mykje av her i garden, men litt blir det vel i år også.
Jula begynner tidlegare for kvart år, det er lenge sidan eg såg det første juletreet. Men eg har ikkje høyrt julesongar på butikkane enno.

Denne veke kom eg i mål med sudokuen på fredag ettermiddag, så det vart ei god helg.


Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...