Dagen i dag begynte med trening, som vanleg på tysdagar. Marit og eg handla på KIWI på heimvegen, og då eg var komen heim gjekk eg ein tur på Vernet,mens eg gjekk i treningsklede. Eg tok det med ro og sat litt på alle benkane. Siste benken fekk eg selskap med naboane mine som også var ute og trimma.
Då eg kom heim laga eg middag, i dag vart det pølser og potetstappe m.m.
Etter ein liten pause gjekk eg ut og begynte på hagearbeidet mitt. Eg fekk reinska nokså bra i "jordbæråkeren", men stileg vart det ikkje ,for plantane har flytta på seg og står ikkje lenger i fine rader. Det var mykje arbeid og det tok si tid. Eg hadde tenkt å få på meir mold, men det måtte eg utsette, på grunn av RYGGEN, som ikkje likar at eg bøyer meg. Det kjem kanskje ein bra dag i morgon også, men slik som vi har hatt det no i heile mai månad kan vi ikkje forvente så mykje lenger. Eg føler nesten at sommaren er slutt, eigentleg er den ikkje begynt.
I dag kunngjer Olaug jr. at ho ventar barn i oktober, så no har vi noko å sjå fram til. Men dei bur i Bergen så det blir vel ikkje så mykje vi får sjå til barnet i begynnelsen. Håper at alt går fint. Det er berrre det 2.oldebarnet mitt, Bodil har fleire. Men det er ingen konkurranse.
I morgon har Amanda fødselsdag og det er lett å hugse kor "gammal" ho blir. Ho vart fødd i året 2000.
Eg sette på varmepumpa men det tek si tid før det kjem noko varme, men det er kanskje litt for mykje av det god å fyre i omnen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar