fredag, mars 08, 2024

Dagbok 2024: 8.mars_Den internasjonale kvinnedagen

 

Dette bildet er frå Straumshamn, der Margrete bur. Dei to båtane Ask og Birk skal fraktast til Eid.


Klokka er no16.30 , temperaturen ute er +7 grader og det er sol. Det er så utruleg fint ute no, men det er enno litt kaldt. Då eg stod opp i dag morgon var det rim på alle markane, men så kom sola.

Eg har ikkje jobba ute i dag, men eg har styrt på inne; vaska, støvsuga, rydda osb. Fekk ha ut teppet på datarommet også i dag. Eg likar godt den nye støvsugaren, for den er lett-og så kan eg gå oppreist. Eg har gjort ein del husarbeid i det siste, for når våren kjem for alvor, vil eg helst jobbe ute. Eg har ikkje laga middag enno i dag, men eg lagar kanskje litt til kvelds.

Etter at eg hadde ete litt, tok eg ein tur på Vernet. Det er litt irriterande å ikkje få ta bilde, men i dag hadde eg ikkje straum på telefonen ein gong. Eg sat ei stund på kvar benk der oppe  i dag, ikkje fordi eg trong kvile, men eg ville vere ute i sola så lenge som muleg. Eg synest ikkje det er varmt nok å sitte på altanen enno. 

Det er vel for tidleg til mykje av hagearbeidet også, det er mykje å ta att- for hausten kom så brått i fjor at mykje vart halvgjort. Til døms har eine riva lege under epletreet heile vinteren. Og den fine raude greipa mi har stått nede i komposten-sidan eg heldt på å flytte kompostjord dit bort som vi tok vekk "thuja-hekken". Eg veit ikkje kor godt eg greier å spade i år, når eg ikkje har 2 friske hender. Men her er no ryddigare på tomta i år enn i fjor, sjølv om eg har ein haug med greiner og kvistar som har lege under altanen sidan i fjor sommar. Eg får vel ta fram motorsaga- eller kanskje ikkje.


Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...