torsdag, mars 07, 2024

Dagbok 2024: 7. mars

 

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 6 grader og det er overskya. Det har ikkje vore sol i dag, ikkje som eg har sett i alle fall. Marit køyrde til treninga i dag, og vi handla ikkje noko så vi var tidleg heime. Eg hadde ikkje program for dagen, så eg fann ut at eg kunne lage meg litt god middag, det gjer eg ikkje kvar dag. Men i dag var det duka for yndlingsretten min, spekesild! Dvs.Kryddersild i pakke. Passeleg salt, så ein slepp å vatne ut. Denne silda sel dei både på Spar og på COOP med litt variasjon av namnet. Eg kokte rikeleg med poteter, det er ikkje ofte eg gjer det, men så kan eg kanskje steike poteter i morgon viss eg finn noko å ha attåt og det gjer eg sikkert.

Dette blei nesten som ein fridag for meg, for veka til denne tid har vore"travel"-med det meiner eg at eg har hatt noko å styre med. I dag skulle dei eigentleg vore her og sjekka diverse elektriske ting og anna, men telefonen min streika så eg fekk ikkje gitt tilbakemelding. Men i dag var telefonen i orden og eg sende melding , så no får eg vel ny tid.

Med det samme eg kom heim i dag sette eg meg til å reparere e-posten på maskina, for den hadde tatt pause. Etter mykje strev og innloggingar og alt mulig, fekk eg melding om at det ikkje var i orden. Men posten kom i alle fall inn.

Etter at eg hadde ete yndlingsretten min til middag vaska eg opp alt for hand. Eg hadde nettopp tømt oppvaskmaskina og syntest det var greit å ikkje fylle inn att med det samme. 

Eg sette på TV for å høyre nyheiter mens eg strikka, det var greitt, men så ville eg ha kaffi, og då gjekk det som så mange gonger før, eg var i ferd med å sovne, og så tømde eg kaffien ned på meg sjølv og på stolen og golvteppet. Genseren som eg hadde på meg er no i vaskemaskina, og buksa heng til tørk. Eg har gått og tenkt på at eg skulle ha gått ein tur, men no er det snart for seint, så eg skal kanskje ta det litt med ro, eg kan no gå ut og rake singelen frå plenen til tunet. Eg gjorde det i går, men eg såg at eg ikkje hadde fått med alt. Og så kan eg no begynne på spanskleksa til komande onsdag...............

Eg lyt eg finne einkvan som kan legge inn eit bildeprogram på PC-en min.Det er litt irriterande at eg kan så lite med datamaskina.Eg vil helst klare meg sjølv.

I morgon er det fredag IGJEN og så er denne veka omme. Dei unge vil kanskje ikkje tru det, men når ein blir gammal går tida mykje fortare enn før-og det likar vi ikkje.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra fri...