tirsdag, mars 26, 2024

Dagbok 2024: 26.mars



Klokka er no 20.02, temperaturen ute er +3 grader C
Det har vore ein nydeleg dag, med sol frå klår himmel og ikkje ein drope vatn frå ev.skyer.Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet f.m. men slo det frå meg og gjorde litt husarbeid i staden.
I dag skulle vi til Hareid og feire oldemora sin 84 årsdag og oldebarnet sin 4-årsdag. Men ingen av dei to hadde fødselsdagen sin akkurat i dag. Margrete henta meg her og så køyrde ho, med meg og kaker til Solveig. Søsken- borna var også inviterte, men ikkje alle hadde høve til å kome i dag,Einar var på jobb, men dei tre andre søskena var der. Eirik , Amanda og Erlend av Margrete sine var der også.
Ingeborg kom ikkje oppover til påske, men ho var her i vinterferien. Det er kjekt for meg å sjå barnebarna, og kjekt for dei å treffe kvarandre.
Solveig hadde laga nydeleg kjøttsuppe til middag, og serverte karamellpudding og is m.m.til dessert. Barnebarna fekk eige bord i stova, mens vi "vaksne" sat på kjøkkenet med fint dekka bord



Eg fekk mange fine og gode gåver på førehand. Eg fekk t.d. ein rosa genser som eg hadde sett på FB og bedt Solveig om å bestille til meg, no fekk eg den i presang; eg har den på meg no og den eg mjuk og god.

Søskenbarna fann fram diverse spel, og ei stund etter middag vart det kaker og kaffi til alle. Eg hadde med eit par kaker, så Solveig skulle sleppe å bake. Men ho hadde no laga kake m.m. ho også

Det var ein nydeleg biltur heim att, og der ute nær havet var himmelen raud og lufta klar. Nydeleg påskver.

Barnebarna vil kome på besøk til meg på sjølve dagen-og eg ser fram til det.

Takk til Solveig og Øystein som arrangerer slike koselege treff i familien. Og dei har god plass til mange.
 

                   Håkon med son, Audun, Erlend, Amanda, Eirik og Olaug.
                                         Slik har Rasmus og familien hans det i dag   


Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...