mandag, mars 25, 2024

Dagbok 2024: 25.mars


 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +3 grader, og enno skin sola, som ho har gjort i heile dag.I dag morgon var det rim på markane, så det var nok kaldt sist natt. Bildet over her tok eg for ei lita stund sidan, då eg tok runden min på Vernet. Dei som er litt kjende her, ser sikkert fjellet Helgehornet.

I dag følte eg på at eg hadde fått påskeferie, for det var ingen ting eg MÅTTE.
Men eg hadde mine planar. Så eg sette i gang med å lage ei kake straks etter at eg var ferdig med frokosten. Etterpå laga eg glasur til to gulrotkaker. I morgon skal vi ha familiesamkome på Hareid og feire oss som har fødselsdag i MARS. Eg skal sitte på med Margrete utover og så får vi sjå kor mange som dukkar opp. Somme er vel på jobb,  men sidan vi er mange lærarar så er det mange som er fri.
Marit kom ned ein tur, ho fekk ikkje starte bilen sin for ho greidde ikkje å ta av handbremsa. Ho lurte på om eg greidde det-men det var håplaust. Men det fins alltid eit råd. Eg heiv meg rundt og så for vi på byen med min bil.
Det var noko Marit skulle ha, og så tenkte vi kanskje på å ta ein tur inn på ALTI, men det slo vi frå oss då vi såg kor mange bilar der var på parkeringa.  
Då køyrde vi heller opp til Kiwi; men på vegen opp fann vi på å sjå bort på gravplassen korleis der såg ut etter vinteren. På grava til Nils var der to lyngplantar som var visne, men julekransen var heilt fin, så den får berre ligge til det blir trygt å ha ut noko anna.
Eg har handla ganske ofte i det siste , og trudde ikkje eg trong så mykje i dag. Men det gjorde eg visst, for eg handla  to store nett fulle. Eg har ikkje laga meg middag i dag, men eg har no ete annen mat. No ser eg fram til å sette meg ned med spøt og TV. Og så gleder eg meg til i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...