tirsdag, mars 19, 2024

Dagbok 2024: 19.mars

Klokka er no16.28, temperaturen ute er+10 grader. På Pc-en står det "Regn i kveld"
I dag var det trening igjen og eg køyrde som vanleg på tysdag. Etter trening var vi nedom ALTI, men matvarer etc. kjøpte vi på KIWI på heimvegen. Eg forstår ikkje kvar det vert av all maten som eg dreg med meg heim, men borte blir den. Mens eg enno var godt påkledd tok eg ein runde på Vernet. Då eg var oppe såg eg at der var ein traktor og der driv dei og tek ned skog. Det er mykje ore-skog rndt omkring som like gjerne kunne vore vekke. Fonnvernet er blitt ein stad der ein treffer folk og pratar, så det kan vere fint at dei ryddar opp langs vegen.
Då eg kom heim att åt eg middagsrestar frå to dagar; risgraut og fiskesuppe gjekk ned på høgkant, det var lenge sidan frokost. men det var eigentleg for mykje, kjenner eg no etterpå,- men det  går seg vel til.
No har eg fyrt litt i omnen og så blir det å jobbe med fransken til i morgon, då får vi vel påskeferie.
Eg er ofte innom" Reels and short videos" på facebook, og no har dei starta opp med spanskopplæring der også. Det kan vere litt kjekt å prøve seg på-
EG var ned tilbygget i dag også og laga meg litt ved. Eg ser at graset er blitt litt grønare, krokusen spirer men blomstrar ikkje enno. Rabarbraen er begynt å røre litt på seg. Men så kan det plutseleg bli "vinter" igjen.



Denne trappa har 43 steintrinn, der er tildels høge trinn. Eg prøver å gå litt fort oppover-det skal vere bra for blodtrykket.
No må eg ta meg saman å få gjort leksa, før det blir TV og strikketøy.

19. mars var fødselsdagen til bestemor Hilda Marie, derfor tenkjer eg på henne i dag.Ho var født i 1878 og døde i1969.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra fri...