mandag, mars 18, 2024

Dagbok 2024: 18.mars

 





Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men det får stå si prøve. Eg stod opp klokka 7 og hadde 2 timar på meg til å sette huset og meg sjølv i stand til å møte "kontrollen".Som forventa var alt i orden med det elektriske; det skulle berre mangle -eg har no elektrikar på besøk både titt og ofte og det sa eg til han. Han ville nok gjerne ha vore inn i kjellarleilegheita, men eg sa at han som budde der var på jobb til ulike tider, så eg visste ikkje om han var der. Men eg kunne no ha sagt at alt der i leilegheita vart sjekka før han flytta inn.For det vart det.
Men eg fekk melding på kontrolløren på telefonen og der stod det alt i orden.

Eg merka i går at eg var mykje betre i føtene tidleg på dag, så eg tok runden på Vernet like godt med det samme. Eg jobba litt med spansken både før og etterpå.
Til middag i dag laga eg fiskesuppe, og det blir sagt at det er sovemedisin. Ikkje veit eg men eg var etter kvart så trøtt at eg ville sove. Men då måtte eg ha det varmt og godt så eg gjekk ned i tilbygget og saga litt "ved" for hand-akkurat så mykje som skulle til for å få sovetemperatur. Eg sette på TV og skulle strikke, men det vart ikkje mange maskene. Om eg sov eller ikkje kan eg ikkje svare på-
Eg hadde halvegs tenkt å bake og skreiv opp ei liste av varer eg måtte ha på butikken.- Eg trur eg ventar til i morgon. Då skal vi på trening igjen, og kan handle i samme slengen. Eg håper vi blir fri heile neste veke. Eg får til å legge ut bilde no når Solveig har fiksa litt på Pc-en, men eg trur eg må slette alle bilde og starte på nytt. Desse bilda eg legg ut i dag er tatt i dag.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...