tirsdag, mars 12, 2024

Dagbok 2024: 12.mars

 



 Klokka er no 16.16, temperaturen ute er +8 grader. 

Vi har ikkje hatt sol i dag, men det er opplett og fint likevel. Eg les i dagboka frå 12. mars i fjor. Då var Margrete og eg til Haddal på konsert, og Helge Lid hadde fresa tunet mitt.Då var det vinter.

I dag var det trening igjen, og etterpå handla Marit og eg på KIWI. Så var det pratestund i bilen før vi gjekk kvar til vårt. Eg laga meg skikkelig middag i dag, med potetstappe og pølser. Eg hadde tenkt å gå tur når arbeidsdagen var slutt, men så fekk eg melding frå Brannvesenet om at dei ville komme den18.mars viss det passa og det gjorde det. Så kunne eg gå tur først best. Eg var så vidt komen opp på Vernet, då trefte eg to "venninner" og vi  vart ståande og prate lenge-. Det blir ikkje utearbeid på meg i dag heller men det lid så langt på dag at eg kan ta fram "spøtet"- og så må eg øve på spansken. Eg skulle ønske vi fekk "skuleferie" no, for eg han ymse som skulle vore gjort før påske.

Bildet i dag er frå ONA FYR,; Nils og eg reiste ut dit med bil og ferjer, vi overnatta i ei fin leilegheit i eit høgt hus på kaia. Det var nydeleg ver, men dagen etter då vi skulle heim regna det litt. Då tok vi ferje litt lenger nordover og vi for forbi øya Orten. Vi hamna i Molde til slutt. Eg likar godt å reise ut mot havet. For nokre år sidan, meir enn 10, hadde vi pensjonist.-tur til Smøla. Det var veldig kjekt. Margrete og eg har det til felles at vi likar å komme ut til havet.

1 kommentar:

bodilingeborg sa...

Vakkert bilde frå ONA FYR. Kjekt med gode minner. Hugsar godt den turen vi hadde til Trovågen i Solund.
Bodil

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...