mandag, mars 11, 2024

Dagbok 2024: 11.mars

 


                     Dette bildet av rosene mine i fjor, fann eg på "Foto"

Klokka er no 17.54, temperaturen ute er +5 grader, det har ikkje vore heilt klart i dag, så er trur ikkje vi får så fint ver som det har vore til denne tid i mars. Vi kan no få både snø og kulde enno. Men det var no godt å få smake litt på våren. Eg har nettopp vore ute og gått tur på Vernet og litt andre vegar i tillegg. Det er godt å komme ut og røre litt på seg. Forresten så rører eg no litt på meg her heime også. I dag trudde eg at mennene frå Brannvesenet hadde kome, men det gjorde dei ikkje. Eg hadde sendt melding om at det passa i dag, men så høyrde eg ikkje frå dei, viss det ikkje var dei som ringde tidleg i dag-men då gjekk telefonen bananas, noko som enda opp med at Margrete fekk telefon frå meg.

Eg bestemte meg for å gjere det beste ut av dagen og halde meg heime. Eg tok fram store-støvsugaren og støvsuga teppet i stova, Det er slikt arbeid som røyner på ryggen min. Etter å ha rydda her og der, sette eg meg til med spanskleksa, og du store all verda kor treigt det går å lære noko nytt no. Ein skulle ha lært meir når ein var yngre.

Men så fekk eg ein lys idé ! Eg kunne pusse vindua på stova utvendig for det hadde eg ikkje gjort før i år. Eg plar bruke hageslange nå er pussar vindu og spyler altanen, men eg trur hageslangen enno ligg frosen i dvale. 

Så det vart mopp og Zalo-vatn først, og så hadde eg ei sprutflaske frå Europris som eg spaya på og drog av med nal. Eg trur det blei bra, men eg har no ikkje sett det i solskinn enno.  Eg har i alle fall gjort eit forsøk. Så laga eg middag til meg sjølv og så kom Marit ned og drakk kaffi med meg så vi fekk fortelje kvarandre om opplevelsane våre i helga. Eg får framleis ikkje til å legge ut bilde, men eg få vel snart litt hjelp. Margrete greidde det, men eg veit ikkje akkurat kva ho gjorde.

No er det snart tid for strikketøy og TVog så er denne dagen oppbrukt. I morgon er det trening og no er Marit sin bil på EU-kontroll-men eg har JARISEN-den beste bilen i verda!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...