onsdag, februar 07, 2024

Dagbok 2024: 7.februar



Utsyn til Mosmarka frå Storebakken.


Klokka er no 15.25, temperaturen ute er minus 5 graderC, det er oppplett, og der har vore skyer på himmelen til no-men no ser eg sola,så det held vel på å klarne opp.

I dag var det heimedag, så eg prøvde å få gjort litt husarbeid. I dag tørka eg støv, vaska vinduskarmar og støvsuga på stova og rydda litt her og der. Det blir nok rot om ein berre er her åleine.

Så tok eg på meg piggsko og gjekk ein tur.Vegane er fint pløgde og skrapa,men der er is og snø, så eg må ha piggskorne. Då eg kom heim åt eg,   søndagsmiddag for tredje gong denne veka, men no er det slutt.

No kjem det sol inn til meg; slik var det i fjor også, då kom sola mens eg skreiv blogg.

Det er mykje eg kunne ha gjort i huset, men ryggen vil ikkje. Eg har ikkje vondt i ryggen heile tida, berre viss eg jobbar med noko, då må eg ha mange pausar.

Eg har ikkje hatt på verken TV eller radio i dag, så no får eg sette meg inn og bli oppdatert. Det er vel ikkje noko gledeleg som skjer i dag heller.
 

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...